29. desember 2017

Takk for følgjet!



            Har du det som meg? At ein av og til kan stadfesta nøyaktig tidspunktet for når ein venskapleg relasjon, til dømes, gjekk mot slutten? Det var ikkje meir energi igjen i den liksom. Eller det tidspunktet når du merkar at nokon du har hatt veldig kjær, misser interessa. Der dei snur ryggen til, bokstavleg tala! – og du ligg der med einsemda di tilbake. Livet er jo full av desse hendingane. Når du forstår at jobben din er på veg bort, at foreldre døyr, at verda endrar seg.

            Dei siste vekene har det kome til meg at denne bloggen i noverande form også går mot slutten. Eg starta i januar 2015, som ein del av mitt store Hovland i 50-år. Målet var å skriva oppdatert om det arkiverte i dei Kina-bøkene eg har samla stort og smått i. På den måten fekk eg gått gjennom materialet, men først og fremst ville eg gje meg skrivetrening, og endå viktigare: at eg skulle klara å gjera ein avtale med meg sjølv! Etablera ei daudline, kvar fredag kl. 14, og gjennomføra det! Og det har eg klart! Det er blitt 156 saker som ligg her no. Men no er det altså slutt – i noverande form.

            Det er ei erkjenning også av at for at noko nytt skal stå fram, så må ein seia farvel til noko anna. Arkivet mitt er dessutan kome ganske nær vår tid, så potensialet for å fortelja om det arkiverte er ikkje like sterkt lenger. Dessutan er eg klar for eit nytt format no. No skal eg gå gjennom desse, og mykje anna som er forma av tekst, og organisera det inn i Jakta på Gudegneisten. Det kjennest fint å gjera det ved overgangen til eit nytt år. Eg har alltid hatt eit sterkt forhold til talet 17, og trudde at 2017 var året det nye skulle brøyta seg fram. No kjennest det ut som at det er 2018. Mykje av ugraset er luka bort, og eg har laga meg ei bok der eg skal så nye frø. Det kjennest veldig oppløftande.

            Eg kjem ikkje til å fjerna denne bloggen. Sakene ligg der, og ta gjerne turen innom for å bli inspirert! Det er veldig mange som har inspirert meg til sakene. Kanskje brukar eg bloggen til å skriva noko ein dag eg måtte bli inspirert til det, men då skjer det fordi intuisjonen seier det.

            Eg veit eg har hatt ein liten, trufast gjeng som har lese tekstane. Det har betydd veldig mykje for meg å veta at de har lest.

            Men no er altså tida inne for å takka for følgjet. Takk for det gamle, som me seier i desse romjulstider, før me alle vender bladet til eit nytt og reint år. Eg ønskjer alt det beste for at det blir eit sterkt år også for deg.          

            Elisabeth

22. desember 2017

God jul!



Det er to saker som først og fremst har fått folk til å tenkja seg om kva dei eigentleg driv på med dette året.

            Den eine handla om den kvalen med alle plastposane i magen. Den saka bles seg ganske så kraftig opp frå den vesle notisen som eg fanga opp hjå Nynorsk Pressekontor. Då sa meldinga at ei viltnemnd måtte avliva ein sjuk gåsenebbkval som fleire gongar sette seg fast i grunt vatn ved Sotra. Det var visst første gong at ein slik kval var observert i landet vårt. Det var då forskarar opna magesekken på dyret, at dei 30 plastposane kom for ein dag. Tarmsystemet til kvalen var fullstendig tømt for næring og alt tydar på at kvalen har hatt det vondt, sa zoologen som blei intervjua. Dette var ei sak som tok av, som det heiter. Det førte til store mengder av ryddelag langs strendene våre, og eg trur biletet av kvalen har sett seg på ein måte som gjer at ingen lenger sleng frå seg plastikk. Men så er det eit større problem enn ein liten dropsemballasje på ville vegar. For vaskar du ein fleecegenser i vaskemaskinen, er det stor fare for at partiklar finn vegen til havet, og altså til slutt hamnar i krinslaupet vårt, når me et fisk. Verda er forferdeleg komplisert, det er godt det snart er jul. 


            Den kunne kanskje vore mynta på TV2-reporter Davy Wathne, den vesle kommentaren frå Pitter i Aftenbladet – han som forsvann då avisa fekk seg ny bladbunad i løpet av året. Forskararar i Bergen har utvikla ein kjønnslaus laks, fortel han, og meiner at den glade laks går dystre tider i møte. Gladlaksen Wathne gjer det definitivt, etter at han tok hatten sin og gjekk. No er det Trond Giske som er i hardt vær. Berre for å nemna to. Det er noko med sjølvbiletet; at ein glad laks har eit fortrinn i sosiale situasjonar som gjer at alle andre ting blir underordna, som å oppføra seg ordentleg. Som å vera i takt med dei rundt deg. Kjenna etter om dette er greitt. 

  
            Det kan fort bli ei tankefull jul, på den eine og andre måten. Fyll tarmane med måte :-)
                                   
D156/105/124