1. januar 2015

Kva er Hovland i 50?

Hovland i 50 er eit formidlingsprosjekt; eit møte mellom det som var og det som er. Eit møte med det handfaste i ein utklypt avisartikkel mange år tilbake, eller ein arkivert filmbillett. Det arkiverte; samla representerer det ein fascinasjon av ting eg har vore interessert i, ting eg hadde lyst å veta meir om; hendingar eg har vore med på; ord som sa meg noko, ord som forklarte meg noko  - om livet. Det er samla tusenvis av artiklar, for meg er det eit slags Livets leksikon. I Hovland i 50 deler eg litt av det. Og ja; tittelen viser til at formidlinga skjer i det året eg tippar femti.




2 kommentarer:

  1. Takk for brev i posten! Glimrende!
    Tusen takk, Anne Stromberg

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Anne, litt sein tilbakemelding her, men tusen takk for respons. Elisabeth

      Slett